Linn Bad AS med eigen Corianproduksjon

Dato: 19 Mar 2025

Nytt frå Linn Bad – Kortare reiseveg og fleire moglegheiter med eigen Corian-produksjon.

Kortreist kvalitet og mindre miljøavtrykk

Linn Bad tek stadig nye steg for å skape dei beste baderomsløysingane – både når det gjeld kvalitet, berekraft og design. Med eigenproduksjon blir det kortare reiseveg, reduksjon av miljøavtrykket og høg kvalitet i alle ledd. Med full kontroll over produksjonen, kan Linn Bad levere spesialplater raskare og meir effektivt, utan unødvendig transport.

Endå fleire moglegheiter for skreddarsøm

Corian er eit eksklusivt, slitesterkt og vedlikehaldsvenleg materiale som gir badet eit moderne og sømlaust uttrykk. Med eigen produksjon kan Linn Bad tilpasse Corian-løysingane heilt etter kundens ønske – anten det gjeld spesialtilpassa mål eller plassering av servant.  Dette gir kunden endå større valfridom, anten du ønskjer ein klassisk stil eller eit unikt design som passar perfekt til ditt bad.

Norsk handverk i 50 år – skapt for norske heimar

Ved å produsere Corian lokalt i Sogn har Linn Bad full kontroll over kvaliteten i alle ledd. Dyktige fagfolk står klare til å skape baderomsløysingar der funksjonalitet, estetikk og haldbarheit går hand i hand.

Linn Bad AS – kortreist, norsk kvalitet i 50 år.

Les meir om Corian her

Brosjyrer 2025 her